Som ei naturens stadfesting bryt sola igjennom skyer og tåke som har vore der sidan langfredags kveld. Fuglane syng. På spisebordet ligg rein ny gul duk, påskeliljer og gule lys. Ved messetid vil det lyde klokkeklang slik det har gjort i over 800 år. Vi syng Påskemorgen og les Lukas sitt vitnemål om den tome grava. Lyer messa på TV eller radio. Det er slik vi gjer det; prøver å gripe det utrulege, let det sige inn og varme hjartet. Livet vinn! Vi er på lag mange no, som fortel og held håpet oppe. I det vesle vi pyntar heime, i kolonner med trailere som fortel at «Det kommer til å gå bra», i klokkeklang over heile vårt land, ja i store deler av verda.
Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. Luk 24,1-9
Påskemorgen slukker sorgen, på orgel av kyrkjemusiker Magne Olav Selland
(sjå nedst på sida)
196 Påskemorgen slukker sorgen
Tekst: N.F.S Grundtvig 1843
Melodi: Ludvig M. Lindeman 1864
1 Påskemorgen slukker sorgen, slukker sorgen til evig tid; den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid. Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.
2 Redningsmannen er oppstanden, er oppstanden i morgengry! Helvede greder,
himlen seg gleder, himlen seg gleder med lovsang ny. Redningsmannen er oppstanden, er oppstanden i morgengry!
3 Sangen toner, vår forsoner, vår forsoner til evig pris; han ville bløde for oss å møte,
for oss å møte i paradis. Sangen toner,
vår forsoner, vår forsoner til evig pris.
4 Bøtt er brøden, død er døden, død er døden som syndens sold! Nå ligger graven
midt i gudshaven, midt i gudshaven i Jesu vold. Bøtt er brøden, død er døden,
død er døden som syndens sold.
5 Mørket greder, englekleder, englekleder de er som lyn. Om enn bedrøvet smiler dog støvet, smiler dog støvet ved englesyn.
Mørket greder, englekleder, englekleder de er som lyn.
6 Se, i skarer opp vi farer, opp vi farer fra grav i sky. Tungene gløder, Herren vi møter, Herren vi møter med lovsang ny.
Se, i skarer opp vi farer, opp vi farer fra grav i sky.